Søknad om fiskeoppdrett i Aukra – dårleg val av lokalitet
Naturvernforbundet ber Aukra kommune avslå søknad frå Måsøval fiskeoppdrett AS.
Naturvernforbundet viser til at det ikkje er gjennomført vurderingar av biologisk mangfold i samband med søknaden. Dette er særleg kritisk når vi ser den tilbakegangen det har vore for sjøfugl dei siste åra.
Det er også andre omsyn som tilseier at Naturvernforbundet meiner det er eit dårleg val å legge ein oppdrettslokalitet i dette området.