Søndag 14. juni er det tur til edellauvskogen ved Aspa i Tingvoll

Søndag er det Villblomstens dag, og då inviterer Norsk Botanisk Forening og Naturvernforbundet i Tingvoll til tur.

Søndag 14. juni er det tur til edellauvskogen ved Aspa i Tingvoll.

Vi samkøyrer frå Coop Tingvoll kl 9.30, frå Fjordkroa kl 10.00 og møtast ved Aspa Grendahus der vi går frå kl 10.30. Turen går i edellauvskogen ved Aspa, der vi ser på blomster og elles det som måtte interessere.

Dette er ein tur der vi kanskje berre går 2-3 km i løpet av dagen, men har «hundre» stopp.

Det går fort nokre timar, så niste er lurt. Det renn bekk i området, men elles må ein også ha med drikke.

Vi kjem ikkje til å gå fort, så her er det råd å vere med for liten og stor, berre ein får til å fote seg i litt skrått terreng. Det er ikkje nødvendig å vere medlem i arrangørorganisasjonane.

Ta gjerne med flora eller fuglebok eller liknande.

Arrangør er Norsk Botanisk Forening og Naturvernforbundet i Tingvoll.

Meir info kan du få av Øystein Folden, tlf 91812542

Botaniske funn

Villblomstens dag 2009: Naturvernforbundet i Tingvoll på turFoto: Naturvernforbundet

Villblomstens dag 2009: Naturvernforbundet i Tingvoll på turFoto: Naturvernforbundet