Spar Skinvikfossen!

Det finst eit alternativ til utbygging som Naturvernforbundet meiner er bra. Og det finst eit alternativ Naturvernforbundet meiner er heilt uaktuelt. Det første alternativet er det opprinnelege forslaget får utbyggar. Det siste alternativet er å byggje ut Skinvikfossen.

Skinvikfossen er eit svært viktig element i det visuelle bildet av fjordlandskapet i Austefjorden. Han heng logisk saman med Blåbreen under Eidskyrkja. Fossen er godt synleg over eit stort område og fortel si historie om nedbør, smelting og tørke. –Både til folk som ferdast på fjorden, langs vegane og i fjellet. Han forsterkar naturopplevinga og understrekar det evige krinslaupet i naturen. Kombinasjonen av alpine fjell, Blåbreen, grøne dyrkingsfelt, frodig skog, fossen og fjorden er sjølve ikonet på vestnorsk natur.

Naturvernforbundet vil ønskje til lukke med utbygging etter den opphavlege søknaden med inntak på kote 100. Men vi vil sterkt rå frå at det vert gjeve konsesjon for inntak på kote 134. Om søkjaren ikkje finn lønsemd i prosjektet bør det kvile nokre generasjonar.

Naturvernforbundet saknar framleis ein samla plan for inngrepsfrie naturområde i Ørsta/Volda – og som del av ein slik plan; ei prioritering av elvar og fossar som skal få renne fritt i framtida. No skjer det ei bit for bit utbygging av naturområda ut frå ei privatøkonomisk motivering.

Knut Festø i Naturvernforbundet i Volda og Ørsta har telefon 97 09 75 73. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte Naturvernforbundets arbeid for bevaring av vassdraga våre

Les uttalen frå Naturvernforbundet i Volda og Ørsta

Uttale frå ei gruppe i Austefjorden

Søknaden

Planendring

Fagrapport biologisk mangfold