Spesielt vasskraftprosjekt

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Når det er tale om vasskraft som miljøvennleg energi så er ikkje Naturvernforbundet utan vidare samd i det. Vasskraft brukar ikkje opp energiressursen slik som kraftverk basert på fossile råstoff eller atomkraft, men like fullt har det til dels stor verknad på naturen og miljøet. All vasskraftutbygging er difor skadeleg for naturen. Slik utbygging er berre akseptabel når det skjer i dei vassdraga der miljøverdiane er minst, og då berre fordi alle andre alternativ for nødvendig kraftproduksjon er verre.

Sjølv om Naturvernforbundet aldri tilrår at det blir bygd ut vasskraft, har vi gjennom fleire år akseptert at ca. ein tredel av søknadene om småkraftverkutbygging ligg i vassdrag der kjente miljøverdiar ikkje er spesielt høge. Vurderinga avheng sjølvsagt også av korleis utbygginga er planlagd.

I Vanylven er det planlagd ei utbygging av Ripsdalselva. Myklebust sameige har sendt ein søknad til NVE om å få bygge kraftverk i den nedre delen av vassdraget etter at fleire andre alternativ var vurdert og lagt bort fordi miljøverknadene var dårlegare. Dette har skjedd i ein god dialog med mellom anna miljømynde. Dei står att med eit prosjekt utan nemnande kjende negative miljøverknader, og eit potensiale for nokre positive verknader for laksen. Fisken må ha ei brukande vassføring, og med ei god minstevassføring kan dette gå bra. Truleg eit hyggeleg prosjekt for alle partar. Det er det grunn til å skrive i avisa om.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Øystein Folden er leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal. Han har telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Fråsegn til Røfsdalselva