Spor av miljø?

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har fått eit eksemplar av bladet «Spor» frå Møre og Romsdal fylke. Naturvernforbundet undrar seg over at «Spor» ikkje er svanemerka.

Representantar frå Møre og Romsdal fylke har ved fleire høve uttrykt uro over energisituasjonen i fylket og regionen. Som kjent kan magasin av denne typen merkast med det offisielle nordiske miljømerket Svanen. Magasin som er svanemerka krev i utgangspunktet lågare energibruk ved framstilling, og er også på andre måtar betre for miljøet. Naturvernforbundet har difor stilt tre spørsmål til fylket:

1) Vil Møre og Romsdal fylke sikre at komande utgåver av ”Spor” blir svanemerka?

2) Vil Møre og Romsdal fylke sikre at andre publikasjonar verksemda gir ut blir merka med miljømerket Svanen?

3) Kva miljøeffektar har produksjonen av denne første utgåva av ”Spor” hatt?

Miljøinformasjonsloven (Lov 9. mai 2003 nr. 31 om rett til miljøinformasjon og deltakelse i offentlige beslutningsprosesser av betydning for miljøet) gir Naturvernforbundet rett til svar på desse spørsmåla.

Øystein Folden kan kontaktast på telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte Naturvernforbundet

Les brevet til Møre og Romsdal fylke

Møre og Romsdal fylke vil svanemerke Spor!

Innsyn i avtalen med Tibe – avgjerd frå Fylkesmannen

Svarbrev frå Møre og Romsdal fylke

Miljømerking om Svanemerking av trykksaker og offentlige anskaffelser