Spørsmål om avfallsplan

Epost frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal til Halsa kommune.

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal spør frå tid til annan kommunar om kva dei gjer i miljøsaker. No er turen komen til Halsa kommune. Vi ønskjer innsyn i Halsa kommune si handsaming av avfallsplanen for restane av Coop sitt nedbrente bygg på Vågland, etter kvart som det ligg føre. Heilt konkret dreier det seg om dokument innsendt frå bygningseigar eller andre på vegne av denne, og dei vedtaka kommunen gjer i saka.

Det er enklast for oss om vi får dokumenta i digital form, sendt til moreromsdal@naturvern.no

Vi viser elles til miljøinformasjonsloven, spesielt kap. 3.

Med helsing

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Øystein Folden