Spørsmål om bruk av japanlerk innan kommunen
Kystkommunane har fått ein førespurnad om japanlerk.
Japanlerk er ført opp med «LO» = låg risiko på norsk svarteliste, noko som moglegvis bygger på at ingen har gjort registreringar av faktisk spreiing. Det kan kome til å endre seg.
Naturvernforbundet sende difor brev til nokre kystkommunar med spørsmål om japanlerk er nytta i planta skog i kommunane.
Førebels har Naturvernforbundet fått følgjande svar:
Frå John-Ole Aarsæther, Landbrukskontoret i Haram:
Japanlerk (larix kaempferi) i Sandøy – Haram – Giske
Landbrukskontoret i Haram som også betjener Giske og Sandøy har ikkje kjennskap til at det er brukt japanlerk i skogbruket eller leplantingane i desse kommunane.
Eg kan nesten utenlukke at det er nytta i skogbruket, i leplantingane er ikkje sikker. Eg skal vere oppmerksom på dette når eg er i aktuelle områder. og eventuelt gi melding til Naturvernforbundet.
Frå Nils Sanden, Landbruksansvarleg i Midsund kommune:
Spørsmål om planting av japanlerk: Midsund
Det vart planta lerk i lebelta i Midsund. Eit lebelte i Ugelvika på utsida av Otrøya inneheld ein stor del lerk. Lebeltet vart planta i 1967. Eg har teke kontakt med Jørgen Raknes som var leia den kommunale leplantinga.
Han var ikkje sikker på om det var japansk lerk eller hybridlerk. Eg var ansvarleg for leplantinga på Smøla på slutten av 70-talet. Det vart då opplyst at lerka vi planta var hybridlerk.
Frå Anne-Kathrine Løberg, Landbrukssjef Søre Sunnmøre Landbrukskontor
Spørsmål om bruk av japannlerk – larix kaempferi
Det er ikkje planta japansk lerk til skogføremål eller leplanting i våre kommunar.
Kommunane det gjeld er Sande, Herøy, Ulstein og Hareid.