Spørsmål om bruk av lutzgran
Spørsmål frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal til skogbrukssjefane i fylket.
Naturvernforbundet ønskjer å gjere seg betre kjent med eventuell bruk av lutzgran i Møre og Romsdal. Difor ber vi om å få opplyst om lutzgran er brukt i skogbrukssamanheng eller til leplanting i dykkar kommune.
Viss lutzgran er brukt, ønskjer vi å få opplyst litt nærare lokalitetar treslaget er bruka på og kva tid det blei planta. Viss det er tale om mange lokalitetar, er det dei eldste lokalitetane som er mest interessante. Då er det viktigare for oss å få greie på dei enn at det går lang tid før de kan svare.
Det kan bli aktuelt å oppsøke nokre slike lokalitetar. Viss skildringa av kvar lokalitetane er hen er for grov, kan vi heller ta kontakt igjen, slik at vi får klarlagt det som trengst.
Vi viser til miljøinformasjonsloven når det gjeld retten til denne typen informasjon.
Dei svara Naturvernforbundet har fått inn er som følgjer:
27. september 2013: Lutzgran (lutzigran, latin: Picea glauca x sitchensis eller Picea lutzi) er en hybrid i granslekta mellom kvitgran og sitkagran. Finnes utbredt bl.a. i det sørlige Alaska og i Nord-Norge. Arten er lite brukt hos oss, men har vært brukt i stedet for sitka i ytre strøk til leplanting, og kan ut fra dette være nyttet i Aukra. Ut frå dei undersøkingane som er gjort, ser det ut til at det var «rein» sitkagran som var nytta i lebelta. Men eventuell spreiing frå hagar og liknande kan ein ikkje sjå bort i frå. Kjell Lode, plansjef i Aukra kommune
11. juni 2013: Det er ikkje planta lutzgran i kommunane Sande, Herøy, Ulstein og Hareid. Med helsing Anne Kathrine Løberg, Landbrukssjef, Søre Sunnmøre Landbrukskontor
10. juni 2013: For kommunane Giske, Haram, Midsund og Sandøy: Syner til spørsmål vedk. brukav Lutzi gran. Det har ikkje vore nytta dette treslaget i skogreisinga i desse kommunane. På Vigra i Giske kommue var det eit forsøksfelt, men det aller meste gjekk tapt i forbindelse med utbygging. Mvh John-Ole Aarsæther, Landbrukskontoret i Haram
5. juni 2013: Det vises til deres brev datert 3.juni 2013 vedr spørsmål om bruk av lutzgran i Averøy. Jeg er ikke kjent med at det er planet lutzgran i Averøy. Dersom jeg blir gjort kjent med at vi har denne gransorten i Averøy skal jeg viderebringe disse opplysningene. Med vennlig hilsen Dag Bjerkestrand, Skogbrukssjef/miljøvernleder, Averøy kommune