Spørsmål om fugl i reinsedammar
Naturvernforbundet har sendt eit spørsmål til Hydro i Sunndal om fugl som oppheld seg i utvendige sedimenteringsbasseng.
Naturvernforbundet har fått opplyst at m.a. stokkand oppheld seg i dei utvendige sedimenteringsbassenga Hydro har i tilknytning til verksemda på Sunndalsøra.
Naturvernforbundet spør om Hydro har kontroll på om kjemikaliar i dette vatnet kan påverke fuglane.