Spørsmål om Miljøservice

Epost til SFT 2. juli 2009.

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har sendt klage på at tilhøva ved Miljøservice Eide AS ikkje er i samsvar med løyvet etter vår oppfatning. Vi har no av fylkesmannen fått opplyst at Miljøservice Eide AS har klaga på tidlegare vedtak, og at det er grunnen til at krava i utsleppsløyvet ikkje blir følgd opp av Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Så lenge klaga er til handsaming vil Miljøservice Eide AS kunne halde fram med å bryte vilkåra upåtalt. Dette kjennast ikkje rett ut. Vi vil difor spørje om kva tid SFT reknar med å få ferdighandsama klaga som no er propp i systemet.

Naturvernforbundet har grunn til å tru at det vil kome ei serie med klagar frå naboar og andre med rettsleg klageinteresse i tida som kjem. Tålmodet med verksemda er heilt vekke, og det gir seg slike utslag. Det er nok nokre som har vore inne på tanken om å politimelde verksemda også, og eventuelt dei som ikkje følgjer opp krava som er sett. Det vil truleg difor vere ein fordel for alle om ein kan få saka avgjort på ordinært vis, og så raskt som mogleg.

Avisene i regionen får kopi av vårt brev til dykk, til orientering. Dei har synt interesse for saka si utvikling.

Med helsing

Øystein Folden

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal