Spørsmål om miljøvennleg impregnert trevirke

Dette er sendt til firma Reitan Veisikring as, Frei.

Eg ser i ei annonse for Reitan Veisikring as i Næringsavisen Nordvest at de marknadsfører miljøvennleg imregnert trevirke til vegrekkverk.

Innan impregnering har det vore litt vill vest, så eg vil gjerne ha meir informasjon om kva impregneringsmiddel det dreier seg om.

Eg går ut frå at de kjenner til miljøinformasjonslova og pliktene som følgjer av den til å utlevere slike opplysningar.

Frå vår side er det ønskjeleg å få denne informasjonen i skriftleg form, gjerne som epost.

Med helsing

Øystein Folden

leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

6630 Tingvoll

tlf 918 12 542/71 53 33 31