Spørsmål om skilting i Tingvoll

Brev til Tingvoll kommune.

Nyleg var leiar av Naturvernforbundet i Tingvoll på ein liten tur ved flytebrua over Bergsøysundet. For å kome til arealet på nordsida av hovudvegen var det naturleg å nytte seg av undergangen. Der var det merka med skilt: Adgang forbudt. Privat eiendom. Det hang kjetting ved sidan av som tyder at undergangen frå tid til annan kan vere fysisk sperra.

Så langt vi kan forstå er det ein del areal på nordsida av hovudvegen som må vere å rekne for utmark. Såleis reagerer vi på dette stengselet, og vil spørje om kommunen har gitt løyve til dette etter § 16 i friluftslova. I så fall vil vi gjerne ha vedtaket og øvrige dokument i saka.

Viss det ikkje er gitt løyve til skilting og adgangsnekt, går vi ut frå at kommunen vil sjå til at ferdselen ikke blir hindra for framtida.

Øystein Folden er leiar i Naturvernforbundet i Tingvoll og har telefon 91 81 25 42.

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Brevet til Tingvoll kommune

Skilting i utmark – Tingvoll

Skilting i utmark – Tingvoll

Skilting i utmark – Tingvoll