Spørsmål om tilsåing av vegkantar

I samband med at det blir bygd ny tunnel mellom Sunndal og Ålvundeid, noko som fører til anleggsarbeid ved eit naturreservat ved Sandvikelva, spør Naturvernforbundet Statens vegvesen om vegkantane blir tilsådd som avslutning av arbeidet.

Bakgrunnen for spørsmålet er at Naturvernforbundet finn mykje klistersvineblom i området. Dette er ei plante som står på svartlista, og Naturvernforbundet ønskjer ikkje spreiing av denne.