Spørsmål om vassrettar i Tingvoll

Brev frå Naturvernforbundet i Tingvoll til AquaGen.

Naturvernforbundet i Tingvoll har ved hjelp av NVE sine arkiv prøvd å orientere oss om kva som finst av reguleringar knytt til Stølvatnet og Rimstadelva i Tingvoll. Vi har funne noko frå 1940-talet som såg ut til å vere mellombels, og vidare noko knytt til vasskraftproduksjon.

Vi har altså ikkje funne dokument som fortel om reguleringar som er i samsvar med det vi ser i elva og vatnet no knytt til AquaGen si verksemd. Vi går ut frå at de har slike dokument, og ber om å få kopi av desse.