Spørsmål til Franzefoss Gjenvinning

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet.

Avfall frå oljeindustrien er interessant. Kva er det for slags avfall eigentleg, og korleis blir det handsama? Finst det snarvegar som blir nytta fordi kontrollen med slik verksemd er noko slakk?

Ein grunn til at Naturvernforbundet stiller spørsmål er at Franzefoss Gjenvinning AS har under etablering ei verksemd på Husøya som nettopp skal halde på med denne typen avfall. Og Franzefoss Gjenvinning AS har interesse av fleire grunnar. I februar gjekk det eit skip frå Ågotnes i Hordaland til Nederland med 1500 kubikkmeter oljeslam frå Franzefoss Gjenvinning AS.

Då lasta blei kontrollert i Nederland viste det seg at flammepunktet som var deklarert til minimum 61 grader blei målt til 39 grader. Flammepunkt er litt forenkla den temperaturen der avfallet i dette høvet kan utvikle gass som er brennbar/eksplosiv. Handsaminga ombord er jo gjerne tilpassa dei krava lasta set, og då er det gjerne litt ugreitt om lasta gir seg ut for noko anna enn ho er. Konsekvensar av slikt kan ein berre ane etter ein kjempesmell i Gulen og ein litt mindre kjempesmell i Sandefjord dei seinare åra.

Nederland nekta å ta i mot lasta som måtte returnerast slik internasjonale avtalar for farleg avfall tilseier. Når flammepunktet er noko anna enn oppgjeve, då er nok også innhaldet i lasta heller ikkje heilt samsvarande med det som står i papira. Slikt kan sjølvsagt vere uhell i ein bransje der uhell ikkje skal førekome fordi det er farleg. Eller det er tilsikta, og då truleg for å bli kvitt avfallsfraksjonar som det elles kostar meir å få ei ordning på. Nederlendarane oppdaga dette, innanlands i Noreg kan det godt vere slikt ikkje blir oppdaga.

Det er viktig at oljeavfallet blir handsama rett, både med omsyn til miljøet, men også at det skjer på ein trygg måte, slik at ikkje fraktebåtane eller lagertankane går i lufta.

Naturvernforbundet spør difor Franzefoss Gjenvinning AS i Kristiansund om følgjande: Når dette kunne skje frå verksemda på Ågotnes, korleis skal vi då tru at det ikkje kan skje frå verksemda på Husøya?

Johan Fredrik Schmedling og Øystein Folden,

Naturvernforbundet i Kristiansund og Averøy/Møre og Romsdal