Spreiing av gjødsel i Eide – Naturvernforbundet foreslår strengare reglar

Eide kommune har hatt på høyring eit forslag til lokale reglar for gjødselspreiing. Naturvernforbundet strekar under at det må vere omsynet til naturmangfoldet og ikkje storleiken på gjødselkummane til bøndene i Eide som må ligge til grunn for lokale reglar på feltet.

Naturvernforbundet saknar ein gjennomgang av dei miljøverknadene det vil ha viss Eide kommune gjer vedtak om ei lokal forskrift om husdyrgjødsel. Ei høyring utan denne typen vurderingar som grunnlag vil bli så ufullstendig at prosessen mågjerast på nytt.

For å vere konstruktive peiker Naturvernforbundet på ein del tilhøve som truleg bør inngå i ei slik vurdering.

Hovudpoenget med lovgjevinga rundt husdyrgjødselspreiing er at næringsemna skal gi produksjon i form av vokster og at dei i alle fall ikkje skal kome på avvege og bli forureining.

Eit krav når det gjeld husdyrgjødselspreiing utan nedmolding er at graset skal nyttiggjere seg i all hovudsak dei næringsemna som blir spreidde, og dette skal takast som avling, anten gjennom slått eller beiting. Spørsmålet då er kor seint ein kan spreie og likevel utføre denne haustinga. Naturvernforbundet har då gått ut frå at siste tidspunkt for spreiing av kunstgjødsel er eit godt tidspunkt å ta utgangspunkt i. Ingen spreier kunstgjødsel viss dei ikkje tar avling igjen for det. Å gjødsle med kunstgjødsel for ikkje å hauste er det ingen som gjer. Så langt vi kjenner til er det ikkje vanleg praksis å gjødsle eng med kunstgjødsel etter 20. august.

Naturvernforbundet sin konklusjon er difor at spreiing av husdyrgjødsel på eng etter 1. september ikkje blir gjort for å ta avling, men for å tøme gjødsellageret. Til det føremålet kan ein ikkje vedta ein lokal gjødselforskrift.

Det blir peika på i høyringsgrunnlaget at det er ein høg andel av bøndene som kvart år søkjar om dispensasjon, og at det er ein indikasjon på at den sentrale forskrifta ikkje er tilpassa lokale tilhøve. Naturvernforbundet har ei anna forklaring på denne praksisen, og det er at det er få husdyreigarar som i praksis oppfyller regelverket om å ha lagerkapasitet for minimum 8 månader.

Alle fagmiljø er samde om at husdyrgjødsla bør brukast om våren og umiddelbart etter førsteslåtten. I Eide vil ein i stor grad kunne spreie husdyrgjødsel frå seinast 1.5. Det tyder at det optimale er at gjødsellageret er tomt 1.7. I fleire avsommarmånadene er det oftast mindre gjødsel som hamner i gjødsellageret som følgje av at dyra går mykje ute. Etter andreslåtten kan det vere eit poeng å spreie den slanten som måtte ha blitt sidan lageret var tømt etter førsteslåtten. Dette vil aldri vere store mengder og fullt mogleg å få ut innan 20. august. Med tomt lager 20. august går dette rundt. Dei som har lagerkapasitet for meir enn 8 månader, t.d. 10 månader som det er tilrådd, har då gode marginar.

Å kaste husdyrgjødsel bør vi ikkje gjere, av minst 3 grunnar. Alternativet til husdyrgjødsel er kunstgjødsel. Kastar vi husdyrgjødsla må ein bruke meir kunstgjødsel. Produksjon av kunstgjødsel er energikrevjande. Unødig forbruk av kunstgjødsel er difor i praksis med på å auke utslepp av klimagassar både i produksjonsprosess og transportprosess. Vidare er fosfat som er ein del av kunstgjødsla ein svært avgrensa ressurs som vil ta slutt i løpet av nokre få tiår. Sidan det er vanleg praksis å kjøpe kunstgjødsel med fosfat sjølv om ein ikkje treng det fullt ut, er det difor å kaste vekk ein ressurs vi har lite av når ein ikkje utnytter husdyrgjødsla skikkeleg. Å ta seg arbeidet med å kaste husdyrgjødsla for så å bruke pengar på kunstgjødsel i staden er vel heller ikkje god økonomi for bonden.

Når graset ikkje brukar opp næringsemna som blir spreidd så er det jo eit spørsmål kvar desse næringsemna blir av. Ein del av forklaringa er at næringsemna renn av jorda og hamnar i vassdrag og i havet. Det skal godt gjerast å finne eit vassdrag i landbrukssonen i Eide der ein ikkje kan påvise at vassdraga får tilførsel av nitrogen og fosfor. Og det er ingen av vassdraga der det er fordelaktig å få meir av desse næringsemna. I sjøen er det heller ikkje teikn til at det trengst meir. Tilførsel av nitrogen og fosfor er fiskeopprettsnæringa såpass dyktige til at dei bør få ha eineretten til å skite i eige reir. Det blir rikeleg nok likevel.

Nitrogen har også eit lag med å fordampe, og det finst andre prosessar som mellom anna gir lystgassutslepp. Jordpakking ser ut til å vere ein medverkande årsak til lystgassutslepp, og faren for jordpakking blir gjerne større for kvar dag ein utset å køyre på jorda om hausten.

I samband med ein lokal husdyrgjødselforskrift skal det også vurderast om det er enkelte område som må handsamast ulikt med andre. Etter Naturvernforbundet si oppfatning vil det vere område som ligg i nedslagsfelta til ein del vatn som ganske sikkert ikkje har fullgod kvalitet etter vassdirektivet. Viss det blir tilført mykje næring til vassdrag vil ein kunne få eit for høgt oksygenforbruk, slik at det plutseleg er tomt for oksygen og fisk m.v. døyr.

Vasskordvatnet/Litlvatnet er eit godt døme på eit vatn som er utsett. I utløpselva har det i alle fall vore elvemusling. Denne er avhengig av at laks og aure kan leve i vassdraget, elles døyr muslinglarvane. Elvemusling er mellom dei artane som etter §23 ganske snart vil stå på lista over prioriterte artar. Her vil Eide kommune få eit betydeleg ansvar for å forvalte sine areal slik at arten har dei tilhøva som skal til for at bestanden kan vere livskraftig.

Sorsetelva er mellom dei stadene det kan vere elvemusling og som kommunen må undersøke nærare før ein tillet noko som helst auka risiko for tilføring av næringsemne.

Elvemuslingen er også funnen i Nåsvatnet, og Lyngstadvatnet har i alle fall hattelvemusling.

Gaustadvågen som ein del av RAMSAR-området er også eit brakkvassystem somikkje skal ha meir tilgang på næringsemne enn det alt har.

Denne gjennomgangen er ikkje fullstendig, men viser at Eide kommune har gløymt ein del saksutgreiing i denne saka. Opplysningane er elles tilgjengeleg i naturbasen på http://dnweb12.dirnat.no/nbinnsyn/ og tidsforbruket har vore ein
times tid. Det er ikkje Naturvernforbundet som skal leite fram slike opplysningar,men kommunen i si saksførebuing, berre for å gjere det heilt klart.

Ei lita oppsummering til slutt:
Det er ein del område i Eide kommune der det heilt klart ikkje skal gjevast løyve til utvida frist for spreiing av husdyrgjødsel. Utanom dette tyder alt på at kravet om at næringsemna skal takast opp i grasproduksjon ikkje blir oppfylt, og at det heller ikkje i resten av kommunen bør vere lov å spreie husdyrgjødsel på eng etter 1.9. Til sist har kommunen gløymt den saksutgreiinga som skal til etter naturmangfoldloven.

Naturvernforbundet ber Eide kommune starte prosessen på nytt, eller berrevedta at det ikkje er grunnlag for nokon lokal forskrift.