Stabeldammen – ei klage verdt
Kristiansund kommune gjorde vedtak om nok eit prosjekt der naturen må vike for handelen. No blir det klage.
![stabeldammen](https://naturvernforbundet.no/content/uploads/sites/14/2022/12/PA230025-scaled.jpg)
Kristiansund kommune har rikeleg med kjøpesenter. Det står mykje verre til med naturen. Tjønner, sjølv om dei ikkje er urørt natur, og myr, er naturtypar det er lite av i gamle Kristiansund. Fugleliv som likar slike stader har dårlege kår. Kommunen har i 2015 vedtatt klimakrise, men gjev løyve til å grave opp masse myr. Samfunnsdelen til kommuneplanen blei vedtatt i 2020, med heilt andre mål enn å sprenge plass til fleire kjøpesenter.
Klagefristen er 24.12.2022. Kommunen seier at alle kan klage. Naturvernforbundet sender klage og oppmoder andre til også å gjere det. Om ein ikkje får det til, så kan ein jo støtte Naturvernforbundet ved å bli medlem.