Stabeldammen – framleis håp?

Bystyret vedtok reguleringsplan for Stabeldammen. Klage blei sendt. Kva skjer vidare?

stabeldammen

Naturvernforbundet og fleire andre klaga på bystyret sitt reguleringsplanvedtak før jul 2022. Klagen blei gjeve oppsetjande verknad, som vil seie at ingen kan starte opp utbygging før klaga blir avgjort.

Bystyret tok stilling til klaga i starten av mars 2023, og klaga er sendt over til Statsforvaltaren til endeleg avgjerd.

Ved handsaminga i bystyret har det vore eit stort mindretal som har støtta Naturvernforbundet sine vurderingar.

Fylkeskommunen vedtok i mars 2023 ei løyving til å utbetre stien mellom Røssern og Kvernberget. Den stien går forbi Vollvatnet. Reguleringsplanen for Stabeldammen er delvis basert på at fiskemåkene som hekker der kan flyttast til Vollvatnet. Korleis går det? Det er sendt eit nytt brev om saka, denne gongen til Statsforvaltaren.