Start verneprosess for trua olivinfuruskog nå!

Planane om skogsveg til Tjørnanakkane i Bjørkedalen i Volda kommune blir no løfta opp på nasjonalt nivå. Norges Naturvernforbund ber no miljø- og utviklingsminister Erik Solheim om å starte ein verneprosess for området. Naturvernforbundet peikar på at friviljug vern som instrument ikkje har fungert i denne og mange andre saker, då må politikarane gripe inn og sikre at Noreg sikrar slike internasjonalt verneverdige område.

Brevet frå leiar Lars Haltbrekken i Norges Naturvernforbund er sendt til både miljø- og utviklingsminister Erik Solheim og til landbruksminister Terje Riis-Johansen.

Bakgrunnen var at Naturvernforbundet heilt tilfeldig fanga opp ein søknad om vegbygging og hogst i eit av dei viktigste områda som høyrer til den internasjonalt truga skogtypen olivinfuruskog. Området heiter Tjørnanakkane og ligg i Volda kommune. Vedtaket kommunen gjorde om skogsvegbygging har Naturvernforbundet no klaga på. Søknaden var tydeleg knytt til hogstplanar i området

Norges Naturvernforbund ber no om at styresmaktene snarast råd grip inn og startar ein verneprosess for dette internasjonalt viktige skogsområdet.

Naturvernforbundet grunngjer dette slik:

– Det er heilt avgjørande at slike områder blir verna om Stortinget skal nå målet sitt om å stanse tapet av biologisk mangfold innan 2010

– Vern av slike område er den einaste fornuftige og langsiktige forvaltninga om vi skal følge opp dei internasjonale forpliktingane og avtalane Noreg har slutta seg til

– Gjennom EU sitt Natura 2000-system hadde norske styresmakter hatt rettsleg plikt til å sikre olivinfuruskogar, sidan vi her har eit internasjonalt ansvar for å trygge denne naturtypen

– Dette er den eine av 2-3 kjente lokalitetar med registrerte høge verneverdiar av denne godt dokumenterte naturtypen. Området er vurdert å ha internasjonale verneverdi.

Naturvernforbunder ber samstundes om at det også blir førebudd verneprosessar for andre kjente og verdifulle lokalitetar av denne naturtypen.

Området og den unike skogtypen er grundig dokumentert. Norges Naturvernforbund håper gjennom arbeid vårt at vi no får stansa øydeleggjande vegbygging og hogst i området. Greier vi å ta vare på ein av dei siste olivinfuruskogane våre for framtidige generasjonar skuldast dette verken eit godt skogforvaltningssystem eller ei god skogsertifisering. Snarare tvert om!

Det er tilfeldig at vi no har høve til å redde dette internasjonalt viktige området.

Verneverdiane:

Dei spesielle verneverdiane i dette området har vore kjent i meir enn hundre år og er godt dokumenterte. Tjørnanakkane er i ulike rapportar vurdert å ha verneverdien ***(*). Naturtypen er truga, og er ein kalkskog av serpentinfuruskogutforming. Det er registrert fem rødlisteartar (utryddingstruga artar) av sopp, i tillegg til rødlistebregna brunburkne, som berre veks på olivinhaldig grunn. Potensialet for å finne mange fleire rødlista artar er svært stort, ettersom særleg sopp må registrerast i fleire årstider og over fleire år for å dekke opp mest mogleg av artsspekteret.

Området er også tidligere foreslått verna, men då blei prosessen stansa på grunn av høgt konfliktnivå, altså ikke på grunn av manglande naturverdiar. Ei oppmoding frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal i 2006 om å starte frivillig vern av området har heller ikkje ført fram. Søknaden om skogsvegbygging og hogstplanene tolkar Norges Naturvernforbund som eit klart nei til frivillig vern.

Difor er det svært viktig at miljøstyresmaktene snarast råd startar ein verneprosess i denne og tilsvarande lokalitetar med liknande dokumenterte naturverdiar.

Hva må bli betre?

Norges Naturvernforbund meiner at denne saka på nytt aktualiserar ein del manglar i skogbruket. Kort oppsummert kan vi konkludere slik:

Røynslene i denne saka knytt til vern:

– Myndighetsstyrt vern må vere den primære verneformen for område som har nasjonale og internasjonale naturverdiar. Det kan ikkje vere tilfeldig i Noreg om vi sikrar slike verdiar.

– Myndighetsstyrte verneprosessar på ordinær måte må settast i gang når frivillig vern ikke fungerer.

– Så lenge skogbruket ikkje leverer det som skal til for å nå minimumsmåla for skogvern, må myndighetsstyrte prosesser gå parallelt på dei verneverdige områda som vi kjenner. Viss ikkje risikerer vi å miste mange område som skal vernast i framtida.

– Midlertidig vern må innførast på område med høge verneverdier for å unngå at verneverdiene går tapt mens vi diskuterer.

– Rutiner knyt til øydeleggjande og delvis irreversible inngrep i skog må betrast. I denne saka feiler både skogloven, skogsertifiseringa og miljøregistreringane. Miljøverdiane er, som alltid, den tapande parten.

– Kompetansen i forvaltningsorgana må styrkast. Denne saka viser at det er sjølvsagt at miljøkompetanse må inn i saksvurderingar som gjeld skogsbilvegar og hogstplanar, ettersom det systemet vi har i dag med godkjenning frå lokale landbruksstyresmakter ikkje godt nok fangar opp verdiane.

– Søknader om bygging av skogs- og traktorvegar må søkast etter plan- og bygningsloven, ikkje som i dag etter særlovverk knytt til jord- og skogbrukssektoren.

Erfaringane med lokal skogforvaltningspraksis:

– Miljøregistreringar i skog (MiS) blei ikke nytta av skogbruksetaten i denne saka

– Opplysningane frå naturbasen blei heller ikke nytta (lokalitet med nasjonal og internasjonal verdi)

– Tilsendt brev med rapport om området med særlig høy og internasjonal verneverdi er heller ikkje nytta

– Det er i beste fall uklart om det i det heile er gjort vurderingar etter Levende Skog-standard nr. 4 og 20. Det er heilt klart at krava i miljøsertifiseringa om føre-var-omsyn er oversett.

Norges Naturvernforbund ber om rask tilbakemelding.

Lars Haltbrekken er leiar av Norges Naturvernforbund. Han har telefon 91 61 21 91.

Arnodd Håpnes er fagleiar for naturmangfold i Norges Naturvernforbund. Han har telefon 91 19 22 34.

Øystein Folden er leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal. Han har telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Brevet frå Norges Naturvernforbund

Kopi av brev til fylkesmannen til Volda kommune om frivillig vern

Blankburkne (under steinen) er en karakterart på olivinfuruskog. Foto: Dag Holtan

Fagervokssopp (EN=sterkt trua på rødlista) har sin tetteste kjente forekomst på verdensbasis i olivinfuruskogen på Onilsafeltet i Tafjord, Norddal (også funnet i Bjørkedalen i Volda i 2007). Foto: Dag Holtan

Laurdalselva i Bjørkedalen er søkt utbygd, og er trolig det eneste vassdraget i Norge som renner gjennom olivinfuruskog. Foto: Dag Holtan

I Onilsafeltet i Tafjord, Norddal, er det gitt konsesjon for dagbrudd. Foto: Dag Holtan

Raudenakken i Vanylven er en liten skogrest i Almklovdalen, i det som er det største kjente olivinforekomsten globalt, hvor skogen nå stort sett er forsvunnet. Foto: Dag Holtan

Glattstorpigg (NT på rødlista) har sine tetteste kjente forekomster i verden i Tjørnanakkane i Volda og Onilsafeltet i Tafjord. Foto: Dag Holtan

Dagbrudd i Onilsafeltet (olivinfuruskog) i Tafjord Foto: Dag Holtan