Staten må verne utsette og sjeldne artar
Det er eit statlig ansvar å sikre nasjonale natur- og friluftsverdiar og ei positiv utvikling for det biologiske mangfaldet. Jo meir sjeldne og utsette artane og naturtypane er, desto høgre oppe i forvaltninga bør ansvaret ligge. Derfor er det uheldig at forvaltningsreforma vil flytte Fylkesmannens miljøvernavdeling over til eit nytt regionalt nivå, skriv fire miljøvernorganisasjoner i ein felles uttalelse til Kommunal- og regionaldepartementet.
Dei fire organisasjonane er Norges Naturvernforbund, Den Norske Turistforening, WWF-Norge og Norges Jeger- og Fiskerforbund. Dei utgjer Samarbeidsrådet for Naturvernsaker (SRN).
Utgangpunktet for den foreslåtte forvaltningsreforma er å styrke det regionale nivået ved overføring av statlige oppgåver til regionane, og ved at regionane blir sikra finansiering.
Uheldig hvis vi får fire forvaltningsnivå
Uttalelsen til SNR påpeikar at intakt og tilgjengelig natur er i utgangspunktet ein basisverdi og eit fundament for all annan aktivitet og planlegging. Derfor må slike verdiar etter SRNs syn forvaltast på eit anna nivå enn regional/lokal næringsutvikling, samferdsel, landbruk og boligbygging. Derfor meiner SRN at forvaltningsreformas intensjon om å flytte Fylkesmannens miljøvernavdeling over til eit nytt regionalt nivå er uheldig. Det kan også fort føre til at vi får fire forvaltningsnivå, i og med at Fylkesmannens kontroll- og klagefunksjon er tenkt behaldt hos staten.
Må ha kunnskap om korleis norsk natur utvikler seg
Dersom regionreforma likevel blir gjennomført, er det etter SRNs syn svært viktig å styrke region- og kommunenivåets kompetanse og ressurstilgang når det gjeld natur og miljø. I tillegg må frivillige organisasjonar trekkast aktivt med i plan- og miljøarbeid regionalt/lokalt, og får tilstrekkelig med midlar til å vere ein kunnskapsbase og premissleverandør. Sentrale styresmakter må også bidra til eit omfattande løft for å sikre fullgod overvaking og kunnskap om korleis norsk natur utvikler seg over tid. Dette krev prioritering og nok ressursar. Det er også viktig at store lovreformer som ny plan- og bygningslov, naturmangfaldlov og havressurslov raskt kjem på plass.
Les heile uttalelsen frå SRN
Temaside: Artsvern, rovdyr og vilt
Få tilsendt gratis nyhetsbrev på e-post
Ja, dette er ei viktig sak. Eg vil gjerne lese om korleis eg kan bli medlem og på anna vis støtte Norges Naturvernforbund sitt arbeid for å redde trua artar