Stavklokke ved Eikremstunnelen

Brev frå Naturvernforbundet i Tingvoll til Statens vegvesen Region Midt.

I samband med reguleringsplanen for RV 70 parsell Øydegard-Bronnes såg det ut for at forekomsten av stavklokke kunne forsvinne ved påhogget til Eikremstunnelen frå aust. Det meste av førekomsten er borte, men vi har i dag registert at det framleis er ei plante i igjen. Sidan planta er oppført på raudlista som NT (Nær truga), vil vi no oppmode om at ein i det vidare anleggsarbeidet prøver å ta vare på denne førekomsten. Vi har ikkje heilt oversyn over kva de skal gjere i området, men trur kanskje at det let seg gjere om ein merker området og er varsame akkurat på denne staden.