Stille område i Tingvoll kommune

Naturområde som i tillegg til å vere ganske urørtprega også er stille, har ein spesiell kvalitet.

Areal der ein ikkje kan høyre lyd frå trafikk og skipsfart finst det ikkje mykje av i Tingvoll kommune. Kvar finst slike areal og kor verdifulle er dei?

Begynner vi i søraust, så er Viddalen (1) fri for støy. Arealet er ikkje så stort, sidan toppane fell utanom. Lengst ut i Viddalen merker ein støy frå Meisingset.

Så finst det små område sør for Torsknyken og ved Åsprongvatnet (2) der naturen sine lyder er omtrent einerådande.

Det er noko skipsfart innover i Sunndalsfjorden. Dessutan er det mange småbåtar på dagar når ein har lyst til å vere ute. Såleis er heile lia vendt mot Sunndalsfjorden og Tingvollfjorden utsett for støy.

Kjerkeberget (3) er for rundt til at det er område som er skjerma av. Stille område blir ganske små.

Reitvatnet (4) ligg skjerma, så der er det berre løypemaskina som leverer motordur.

Så kjem ein til det i Tingvollsamanheng store området som er stille. Grønlivatnet, Vulvikvatnet, Herresdalsvatnet, Kamlivatnet og fjellområda rundt (5). Der er både Kamsvågfjellet og Fløystadfjellet, sjølv om toppane ikkje er så godt skjerma for lyd som areala i mellom.

Skogsområda mellom Torjulvågen og Fløystad (6) er nesten stille, men båtar på fjorden høyrast.

Til sist kan ein nemne Mørkedalsvatnet (7) og noko areal på sørsida av dette vatnet.

Heilt støyfrie er ikkje desse areala heller. Flytrafikken høyrast også på desse stadene. 

Nabokommunane har ikkje så mykje areal som er stille og samtidig greitt tilgjengelege. Om det største stille området i Tingvoll ikkje er stille lenger, er det langt til andre stader der ein kan gå utan sivilisasjonen sin støy.

Fløystadfjellet og Kamsvågfjellet er det altså nokon som gjerne vil gjere om til noko heilt anna enn støyfritt. Ta ein tur i stille område der du kan tenkje klare tankar. Er vi verkeleg viljuge til å kaste vekk ein slik kvalitet som areal utan støy er?

Kartgrunnlaget er frå Norgeskart.