Stopp bruken av fossilgass i Møre og Romsdal!
Dei siste åra har det vore mykje snakk om naturgass i Møre og Romsdal. Naturvernforbundet er uroa for menneskeskapte klimaendringar som følgje av utsleppa frå bruk av fossile drivstoff. Det er i denne samanhengen viktig å ha klart for seg at ?naturgass? er eit svært misvisande namn ? det rette namnet på stoffet er ?fossilgass?.
Fossilgass er ikkje miljøvennleg. Bruk av fossilgass til oppvarming kan redusere bruken av straum. Men å prøve å løyse energiutfordringar med tiltak som skapar auka klimaendringar er ingen god idé. Ideen blir ekstra dårleg når det finst svært gode alternativ som vil bidra til å løyse begge utfordringane: Til oppvarming bør det nyttast bioenergi og varmepumper.
Naturvernforbundet er uroa over at fleire av kommunane i fylket ønskjer å leggje til rette for auka bruk av fossilgass i fylket vårt. Nokre kommunar i fylket vårt har til og med gått så langt at dei har gløymt den dårlege kommuneøkonomien og har vald å gå inn som investorar i utbygginga av fossilgassdistribusjon, t.d. gjennom Naturgass Møre.
Framleis er det svært få bygningar i Møre og Romsdal som er planlagde for bruk av fossilgass. Det er bra. Byggeigarar som ser framover bør vere interesserte i å byggje bustader, skular, sjukeheimar og næringsbygg som krev minst mogleg energi basert på mest mogleg miljøvennlege energikjelder. Fossilgassen har ikkje nokon plass i det norske energisystemet.
Øystein Folden, leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal