Stopp Fræna havørnhakkematlaboratorium!

– Det er utidig oppførsel av Statkraft Development å sende ein ny søknad om utbygging av Fræna vindpark. Dette er berre eigna til å hefte bort både den eine og den andre med å skrive fråsegner og anna arbeid for å stoppe galskapen. Naturvernforbundet er svært negative til planane.

I uttalen til Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) peiker Naturvernforbundet også på at havørnhakkematlaboratoriet på Smøla er tilstrekkeleg til å kunne forske ut korleis vindmøller tar livet av ein havørnbestand. Naturvernforbundet kan ikkje sjå at Statkraft eller nokon annan har bruk for ytterlegare eit laboratorium for å finne ut dette.

Så lenge berghyllene i Skaltenområdet finst og likeeins at det kan finnast havørnmat iHustadvikaområdet, vil det vere potensiell konflikt mellom havørn og vindmøller i omsøkte område. Tabben som blei gjort på Smøla med omsyn til havørn skjedde til tross for at problemstillinga var kjent på førehand. Det er meir enn ille nok. Å gjere same type tabbe ein gong til er idiotisk og bør kunne straffast, meiner Naturvernforbundet, som har ein klar konklusjon:

Dette vindkraftprosjektet skal ikkje byggast.

Kontakt fylkesleiar Øystein Folden på 91 81 25 42 for meir informasjon. Ja, dette er ein viktig sak! Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet


Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Les heile uttalen frå Naturvernforbundet til NVE

Les uttalen frå Hustadvikas venner

Invitasjon til folkemøte 17. oktober 2006

Ny søknad om utbygging

Tilleggsutredninger

Krav om tilleggsutredninger

Anmodning om endret utbyggingsløsning

Utredningsprogram

Søknad om konsesjon