Stopp utsettinga av framande artar i norsk natur!

Naturvernforbundet har sendt ein klage til Direktoratet for naturforvaltning på planane om å plante vrifuru i Surnadal. Vrifuru er av nokre styresmakter klassifisert som ein framand art med potensielt høg spreiingsrisiko. Fylkesmannen i Møre og Romsdal har likevel gitt løyve til utplanting på Tverrådalsteigen i Surnadal.

Spreiing av framande artar er globalt eit av dei største trugsmåla mot naturmangfaldet. Framande treslag kan utgjøre ein økologisk risiko i det området dei blir sett ut, til dømes naturtypar blir forringa eller stadeigne arter blir utkonkurrerte. Spreiing av treslaga utenfor området dei er planta ut i, kan forsterke problemet, og det kan vere både kostbart og vanskeleg å reparere skadene.

Naturvernforbundet har gått gjennom det aktuelle området, og sett mange døme på spreiing av m.a. sitkagran til edellauvskogsområde. Fylkesmannen blir kritisert for ikkje å ha gjort ei grundigare vurdering av røynslene med historisk planting av framande treslag i området og spreiinga av desse.