Stor tru på Naturvernforbundet

Eg registrerer at Odd Magne Maridal har stor tru på kva Naturvernforbundet kan få i stand. Vår strategi er å vere noko heilt anna enn miljøpoliti, så vi kan like gjerne fortelje vår rolle når det gjeld kraftverkutbygging og Jordalsgrend.

Kraftutbygginga i Jordalsgrend inneheld to hovudspørsmål: om eit vassdrag skal byggast ut og korleis det eventuelt skal gjerast.

Spørsmålet om det skal byggast ut er avgjort for fleire år tilbake. Naturvernforbundet si rolle før den avgjerda var at verken lokallaget i Sunndal eller fylkeslaget gjorde noko som helst.

I ettertid ser vi at vi burde ha interessert oss meir for desse sakene på eit tidlegare tidspunkt.

Det som har skjedd i sommar skuldast heller ikkje Naturvernforbundet. Andre har kopla Aura Avis inn i saka. Slik utbygginga er utført ville nok vi hatt interesse av å ta opp dette, men det treng vi ikkje når dei som skal følgje opp (NVE og kan hende kommunen) gjer jobben sin. Naturvernforbundet har ikkje vore på synfaring i anleggsområdet i sommar. Våre medlemmer er glade i å bruke naturen, så eg trur ikkje dei har gitt opp å gå på tur i området. Viss utbygginga fører til at turgjengarar ikkje er velkomne, trur eg nok vi vil ta oss ein tur som organisasjon for å sjå på kva dette er.

Haldninga Naturvernforbundet har til bygging av minikraftverk er generelt at vi ikkje tilrår dei bygd, men i nokre høve kan det vere meir tenleg at dei blir bygd framfor at det t.d. blir bygd kraftline. I andre høve er vassdraga frå før tukla så mykje med at ei utbygging ikkje gjer så mykje frå eller til. Det er i alle høve viktig for oss at ein del vassdrag ikkje blir bygd ut, og det er viktig at dei mest verdifulle er mellom dei. Når vi veit at det i nokre kommunar no ikkje finst vassdrag i aktuell storleik som sikkert blir liggande i fred, og kommunane i si uttale seier dei er for utbygging sidan det er kraftmangel, så trur vi Naturvernforbundet bør halde fram å mase litt. Om det ikkje er så mange som skjønar det no, så kan det vere nokon vil sakne vassdraga når dei ligg i røyr. Det var i alle fall noko slikt som hendte med dei store fossane og vassdraga.

Vassdraga det er vist til i Jordalsgrenda er vedtatt utbygd. Då kjem det andre hovudspørsmålet inn i biletet: Inngrepa som blir gjort må gjerast slik at skadeverknadene blir minst mogleg. Her er det Norsk Grønnkraft har tabba seg ut, ved at utbygging er sett igang før detaljane var ferdig godkjent. Det inngrepet som samfunnet har akseptert, med fordelar og ulemper som det har, har på den måten blitt større enn føresetnaden var. Det som har skjedd i Jordalsgrend kan vere uforstand eller miljøkriminalitet. Naturvernforbundet håper utbyggar innordnar seg dei krav NVE set, så sluttresultatet blir akseptabelt, så får det vere opptil NVE om uforstanden skal reknast som noko anna enn det. Dette er uansett eit problem for prosjektet i Jordalsgrend, og det vil skade interessene til dei som vil bygge ut andre vassdrag. Naturvernforbundet trur dei fleste utbyggarane innordnar seg dei reglane som gjeld, men vi vil gjerne følgje med i fall det ikkje er slik. Viss journalister avslører slikt, eller Naturvernforbundet får tips som fører til at saka blir tatt opp og ordna, kan kome ut på eitt. Det kan nemnast at sysselsettinga ved utbygging i samsvar med løyver blir minst like god som om det skjer ukontrollert.

Maridal er opptatt av at grunneigarar kan nytte dei ressursene dei har til å leve av. Det er Naturvernforbundet også. Vi ser at det finst fleire alternativ ein del gonger, og ofte vil dei vere i konflikt med kvarandre, og dei har ulik verknad på naturgrunnlaget. Vi har sett døme på at turistsatsing blir gitt opp viss ei viktig elv i området blir lagt i røyr. Vi har engasjert oss noko i biobrenselspørsmålet, fordi vi ser at bruk av biobrensel kan vere ei bærekraftig energiløysing. Det ser ut til å kunne gje mange og desentraliserte arbeidsplassar, samstundes som det er ei løysing på problemet med attroing av kulturlandskapet. Stundom får ein inntrykk av at ein bonde for å få til eit levebrød ville ha lyst ut jakt på den siste dinosauren for å få det til å gå rundt. Eg håper det er alminneleg forståing for at Naturvernforbundet synast at det finst grenser for korleis naturgrunnlaget kan utnyttast.

Elles ser eg at Naturvernforbundet er invitert på tur. Eg vil ikke garantere at vi har medlemmer som er drevne sauesankarar i alle kommunar, men vår organisasjon har medlemmer med så mang slags bakgrunn. Det einaste våre medlemmer har til felles er at dei er glade i natur. Vi trur gjerne det er ein del medlemmer i Naturvernforbundet som kan tenkje seg tur og deltaking i sauesanking, så kontakt oss gjerne når tida nærmar seg.

Øystein Folden

leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal