Større ferjer, eller …?

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Aldri har så mange bilar stått att når ferja har gått som dette året, blir det sagt. Eit problem, og det blir ropa på større ferjer.

Vi roter med klimaet, og trafikk er ein av dei store faktorane. Vi må flytte oss utan å sleppe ut CO2 i nokon grad i framtida. Om 10 år kan det bli mykje dyrare å køyre bil. Då bør vi vere smarte no, så løysingane høver i framtida.

Ved å gjere om billettsystemet på ferjene slik at det blir betalt litt meir for køyretøy, men passasjerar går gratis, går køyretøytalet ned. Prinsippet er ferdig utgreidd for få år tilbake og prøvd ut mellom anna mellom Hollingsholmen og Aukra. Ved å stimulere til meir kollektivtrafikk er det snart gjort at ein ekstra buss på ferja erstattar meir enn 3 bilar, og då er det snart orden på dei bilane som no står att. Kollektivtrafikk kan stimulerast av dei same som rår over ferjestorleiken. Når ein veit at same kollektivløysinga også er godt for miljø og trafikkorkar i byane, kva ventar vi på då? Her er det tale om kva som blir politisk bestemt. Politikarar, her har de ein jobb å gjere, gjer han fort!

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal Ja, dette er viktig. Jeg vil bli medlem i Naturvernforbundet


Jeg vil gjerne støtte arbeidet til Naturvernforbundet