Større fiskeanlegg – legg bort planane

Verda blir ikkje mettare med eit slikt anlegg ved Rovdefjorden.

OSE har laga detaljplan for MOWI for eit større fiskeanlegg ved Rovdefjorden. Eit anlegg som er så stort at problema også blir ganske store. Naturvernforbundet er skeptiske til påverking av mellom anna korallar, utslepp i havet og at dyrkbar jord ikkje blir så dyrkbar lenger. Fiskeindustrien lever av å gje betalingsdyktige menneske den fisken dei helst vil ha, og det er ikkje det same som å mette fleire munnar.

Trekk planane, seier Naturvernforbundet.