Støyfrie friluftsområde bør halde fram å vere støyfrie
Det går fram av ei fråsegn frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal til Surnadal kommune i samband med høyring av kommunedelplanen for idrett og friluftsliv.
Naturvernforbundet representerer det enkle og uorganiserte friluftslivet. Eit friluftsliv som skjer utan tilrettelegging og i medhald av friluftslivsloven og allmennretten. Vi treng altså ikkje noko anlegg, ingen grunneigaravtalar og ingen pengar. Når dette er utgangspunktet opplever vi gang på gang at vi ikkje finst omtala i plana med noko som helst. Dette er positivt feil. Våre interesser må syne i planen. Vi vil vise dette med eit døme.
I mange kommunar finst det heldigvis eit og anna areal som framleis er lite påverka av trafikkstøy og anna verksemd. Den lyden ein høyrer når ein går der er av natur. Slikt blir sjeldnare og sjeldnare i våre dagar, og «naturtypen» skulle ha stått på raudlista som utryddingstruga. At slike areal krymper og blir borte skuldast oftast at kommunen har lita merksemd på dette.
Kommunen har t.d. plikter etter pkt. 3.5 i ”Retningslinje for behandling av støy i arealplanlegging (T-1442)”. Der står: ”Kommunen bør unngå å lokalisere nye støykilder slik at verdifulle stille områder forsvinner eller reduseres i omfang. Fravær av støy er en forutsetning for at frilufts- og rekreasjonsområder og kulturmiljøer skal ha full verdi. Hvilke lydnivåer som oppleves som sjenerende, avhenger av hvilke type område man befinner seg i, og hvilken bruk av området som er ønskelig.” I same dokumentet står det noko i retning at i stille område vil all støy vere uakseptabel.
Naturvernforbundet ønskjer ikkje å fokusere på konflikt med andre gode krefter for å få folk ut i terrenget, men det kan altså oppstå konflikter når alt friluftsliv i våre dagar skal tilretteleggast på ulike måter. Preparering av skiløyper er eit døme.
Vi ber difor om at kommunen med retningslinene nemnt ovafor finn fram til dei areala som er støyfrie i dag og sørger for at dei også i framtida er støyfrie. Dei som vil tilrettelegge for friluftsliv bør følgeleg visast til areal som alt er påverka, areal det skulle vere svært rikeleg av.