Støylen i Volda – best utan torskeoppdrett

Statsforvaltaren har gjeve utsleppsløyve til Ode for eit torskeoppdrettsanlegg. Naturvernforbundet meiner løyvet er gjeve på feil føresetnader.

fiskeoppdrettsanlegg

Ode, tidlegare Gadus, har søkt om oppdrettsløyve ved Støylen i Volda. Statsforvaltaren har handsama søknaden når det gjeld utsleppsløyve. Både søknaden og Statsforvaltaren si handsaming har oversett Kilspollen som ligg kort veg lenger inn i fjorden. Ålegras og fisk i Kilspollen vil vere svært utsett for utslepp frå eit oppdrettsanlegg ved Støylen.

Naturvernforbundet i Ørsta og Volda har sendt ei klage til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Fylkeskommunen har ikkje gjort ferdig sin del av saken til no.

Foto: Knut Festø. Ode sin lokalitet ved Alida i Volda.