Strandrydding

Fleire deltar i strandrydding i Ørsta og Volda. Her får du høyre meir om kven som deltok og kva dei gjorde hausten 2023.

No i september var det fleire ryddeaksjonar langs strendene i Ørsta og Volda. I Ørsta har Småjobbsentralen gjort ein god jobb, og i Volda har Styrk Arbeid vore aktive.

Ørsta og Volda sitt lokallag for Naturvernforbundet mobiliserte også. Deira aksjonsdag var laurdag 16. september. I år var fjøra på Sørestranda aksjonsstad. I vått og grått ver var 14 vaksne og ti born med på strandrydding her. Det vart mange sekkar med søppel. Mest plast, både frå fiskeri, hushaldningar og landbruk. Det er uråd å vite sikkert kvar alt kjem frå, men i dette området såg det aller meste ut til å vere nokså kortreist, dvs. ikkje søppel som ein kan kan gje Golfstraumen eller andre nasjonar skulda for.

VØR var samarbeidspartnar på strandryddeveka også i år. Dei sytte for henting og sortering.

Naturvernforbundet har arrangert strandrydding sidan 1972. I år fall aksjonsveka saman med starten på det viktige Fjordsøksmålet. Søksmålet er fremma mot Staten etter at dei har gjeve løyve til dumping av 170 millionar gruveavfall i den artsrike Førdefjorden. Gruveslam er ikkje eit problem for miljøet i fjordane i Ørsta og Volda. Her er det andre utfordringar. Ikkje berre plast og anna rusk frå lokale kjelder, men også innverknaden frå oppdrettsnæringa.

Strandrydding, fangst 2023