STRANDRYDJEDAGEN 2017

Oppmøte laurdag 06.05. kl 12 ved Rotsethamna (småbåthamna /marinaen innanfor Garvarbuda) Vi rydjar innover fjorden mot Andaneset

Mange organisasjonar har alt rydja sitt røfte tidlegare i vår, men vi i Naturvernforbundet rydjar på sjølve Strandrydjedagen som tidlegare år. Tidlegare har vi vore i Elvadalen (2015) og Rotsetfjøra (2016).

Også i fjor gjekk ein del av oss innover mot Andaneset. Men diverre trur vi det er nok søppel å plukke der framleis. Søppelsekkar vert delte ut ved oppmøte, og vonleg får vi med eit par lette hanskar til kvar frå VØR i år også. Tjukkare hansker lyt du take med sjølv, om du ynskjer gå laus på vanskelegare oppgåver. Hugs at stranda innover er mykje stein og svaberg,  sko deg med godt fottøy  (og ikkje tak på staskler).

Vêret ser ut til å verte høveleg godt, vel møtt!

for lokallagsstyret Knut F. (98469834) og Geir Helge N. (91196349) 

Kartvegvisar til Rotsethamna:

https://goo.gl/oCgpYU

Kortadresse til denne sida:

https://tinyurl.com/m36e567