Strategi for avslutning av steinbrot

Brev frå Naturvernforbundet i Tingvoll til Tingvoll Naturstein AS.

Naturvernforbundet ønskjer at massetak blir avslutta på ein skikkeleg måte.

Etter vårt syn er det to hovudføresetnader for at dette skal bli vellukka:
– Ein må ha nokonlunde klart for seg korleis massetaket skal sjå ut etter avslutning.
– Ein må flytte avslutningsmassane så få gonger som mogleg slik at ein ikkje går konkurs før arbeidet er gjort.

Det er vidare viktig at heile industrien som er i same marknad blir sett krav til, slik at det ikkje er nokon som slepp unna og undergrev føresetnadene for dei som tar ryddeansvaret på alvor.