Strategiplan for skogbruket i Møre og Romsdal – kva er eigentleg dette?

Fylkestinget skal denne veka behandle ein strategiplan for skogbruket i Møre og Romsdal. Naturvernforbundet er skuffa over at miljøomsyn systematisk har blitt neglisjert i arbeidet med strategiplanen, og tar opp dette i eit brev til fylkestingsrepresentantane.

Til veka skal fylkestinget gjere vedtak om strategiplan for skogbruket. Denne plana har ei mildt sagt underleg handsaming når det gjeld høyringsprosessen. Det går ikkje fram av sakspapira om kven som har fått saka til høyring, kven som sendte fråsegn og kva dei sa. Det står ingenting om at Naturvernforbundet den 1. april 2008 ba om å få dokumentinnsyn i form av oversyn over dokumenta i saka og dessutan kva som kom av fråsegner i høyringa. Slike spørsmål får Naturvernforbundet vanlegvis svar på i løpet av eit par dagar, men i denne saka har vi ikkje fått svar. Det er mykje mogleg det er lettare å få svar etter at fylkestinget har gjort vedtak. Mange vil vite at Naturvernforbundet trakk seg frå utvalet som arbeidde med strategiplana. Men kva Naturvernforbundet skreiv i brevet der vi trakk oss går ikkje fram av saksframlegget til fylkestinget. Det trur Naturvernforbundet fylkestingsrepresentantane har interesse av å vite noko om. Som ein kuriositet vil Naturvernforbundet nemne eit avsnitt frå den nyleg framlgde kystskogmeldinga som vi oppfattar som eit prosjekt alle fylka frå Rogaland til Finnmark står bak. Det er mogleg det er skogbruket og ikkje fylka som står bak denne typen formuleringar når ein går nærare etter. Det finst fleire avsnitt i kystskogmeldinga av liknande karakter. Øystein Folden Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal tlf. 918 12 542 Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Kystskogmeldinga s. 80:

Etter at reglene og registreringssystemene nå er kommet på plass og registreringene i skogene etter hvert blir ferdige blir dette langt enklere for næringa. Konfliktene med miljøsiden er også blitt færre. Det er derfor i næringas egen interesse å følge disse systemene. Noen avvik vil man imidlertid alltid oppleve, men de viser bare at systemene fungerer. Hva gjelder faglige realiteter, er det derfor liten grunn til å forvente store konflikter mellom miljøhensyn og skogbruket i framtida, i all fall hva faglige spørsmål angår. Konflikter kan allikevel komme opp gjennom den kommersialisering og politisering av miljøfaget som man har sett gjennom enkelte miljøorganisasjoners arbeid de senere årene. For få år siden varslet England forbud mot import av treprodukter som ikke er sertifisert etter en bestemt miljøorganisasjons sertifiseringssystem. Slike trekk viser hvilke utslag man kan oppleve. Sannheten eies av den som har makten. Hvordan dette vil utvikle seg framover er imidlertid ikke godt å si, men det er all grunn til for samfunnet og følge med miljøorganisasjonenes kommersielle utvikling. Forutsigbarhet og langsiktighet er en særdeles viktig rammebetingelse for en ekstremt langsiktig næring som skognæringa.

Brev til fylkestingsrepresentantane

Førebels utkast til strategi 22. juni 2007 og mellom anna varsel om brei høyringsprosess

Utkast til strategi 22. juni 2007

Naturvernforbundet trekker seg (med forslag til ein breidare høyringsprosess)

Svar frå fylkeslandbrukskontoret på at Naturvernforbundet trekker seg

Høringsrunde – Strategiplan for skogbruket i Møre og Romsdal 2007-2015 frå september 2007

Høringsutkast til strategi frå september 2007

Høyringsfråsegn frå Terje Smistad/MøreTre AS 13. september 2007

Høyringsfråsegn frå Naturvernforbundet

Høyringsfråsegn frå Forum for Natur og Friluftsliv (FNF)

Høyringsfråsegn frå Statens Landbruksforvaltning

Uttale frå miljøutvalet i Møre og Romsdal fylke 21. april 2008

Korrespondanse med Steinar Reiten, leiar i miljøutvalet i Møre og Romsdal fylke, om skogbruksplana

Universitetet for miljø- og biovitenskap: Skog som klimaproblem

Forskning.no: Klimaproblemet i skogene

Rapport om plukkhogst

Sabima: Jukser med skog i klimameldinga