Straum på hytta?

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Når den gode gamle hytta får brukarar som tar til å bli både gode og gamle dei også, då melder tankane seg om å legge inn straum på hytta. Dei seinare åra har dei fått selskap av yngre brukargrupper som har liknande tankar. Er det ein god ide å legge inn straum på hytta – eller er det ikkje det?

Naturvernforbundet vil peike på følgjande moment i desse sakene:

– Dei som har hytte der det ikkje er straum eller veg har i utgangspunktet bygd eller kjøpt ei hytte som har den kvaliteten at det ikkje er veg eller straum. Slik har naboane deira tenkt også.

– Det er lite aktuelt å bygge nye hytter spreidd i landskapet. Mange nye hyttefelt har høgare tilrettelegging enn gamle. Dei som gjerne vil ha enkle tilhøve vil få stadig større vanskar med å finne slike hytter.

– Viss gamle hytter får straum og veks i storleik slik dei ofte gjer, passer dette ofte dårleg med den opprinnelege hytteplana. Det ser rett og slett ikkje triveleg ut.

– Hytter utan veg og straum er oftast ikkje så store. Dei innbyr dessutan til ein annan type liv enn store hytter med høg tilrettelegging. For mange gjer det godt å bruke god tid på å gjere dei heilt enkle tinga som å fyre i ovnen og vaske opp i balje. På den måten går livet saktare og det blir meir tid til å puste ut og leve.

Naturvernforbundet vil klart rå frå at det blir bygd straum eller veg til eksisterande hyttefelt.

I den seinare tida har det kome til eit moment i tillegg, som gjeld like mykje for heilt nye hytteområde. På same måten som for nokre tiår sidan er det knapt med straum. Hytter er som andre bygningar meir energikrevjande om vinteren når det er knappast med straum. Så lenge vi ikkje har betre løysingar på ny straumproduksjon enn at det er mykje til ulempe for folk både her i landet og andre stader i verda, må vi ordne oss utan straum. Det er ikkje knapt med varme i Noreg, så vi har gode alternativ for å ha det varmt på hytta.

Naturvernforbundet meiner det er betre med enkelt friluftsliv i fin natur framfor å bygge ut hytta omlag slik som huset heime, og så legge alle bekkar i røyr med tilhøyrande kraftliner for å få nok straum til slike byggverk. Kvifor skal ein då ha hytte, når områda rundt ser ut omlag som i byggefeltet heime? Vil ein ha mykje luksus og tilrettelegging, går det godt an å leige seg inn på hotell i staden.

Difor er Naturvernforbundet si oppmoding enkel: Har du hytte utan straum og vil ha straum, så sel hytta til nokon som vil feriere straumlaust. Så kan du velje om du vil kjøpe ei hytte med straum ein annan stad, eller kanskje like gjerne leige hytte, gå mellom hyttene til Turistforeininga eller dra på hotellferie.

Med det same kan vi seie frå om at pelletskaminen som får straumbehovet sitt dekt av solpanel er undervegs. Er det mobildekning på hytta, kan du ringe hytta varm, utan straum.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundets gjør for å redusere energibruk og klimaendringar