Straumen og Steinsvoll

Mellvin Steinsvoll, distriktssekretæren i LO, meiner kraftsituasjonen er merksemd verdt. Det meiner Naturvernforbundet også. Denne situasjonen ser litt forskjellig ut avhengig av kva ståstad ein har.

Steinsvoll kallar energisituasjonen i Møre og Romsdal krise. Dei 200 millionane i Bangladesh som bur mindre enn 2 m over havet ligg an til ei krise når havet stig ein meter og flaumane og syklonane kjem tettare. LO er tufta på solidaritet. Ein solidarisk tanke er å tenkje på dei som har dårlegare utgangspunkt enn oss.

Steinsvoll sine teoriar om CO2-utslepp er ikkje heilt vanlege, slik Naturvernforbundet ser det. Han har heilt rett i at CO2 frå fossil energi og frå bioenergi har lik verknad som utslepp. Det er ein annan skilnad som er det vesentlege. Når tre blir brent, skal det normalt kome opp nye tre. Når nye tre veks, bruker dei CO2 for å vekse og dei bind difor CO2, like mykje som dei gamle slapp ut då dei blei brende. Når olje og gass blir tatt opp frå Nordsjøen, blir det ikkje putta CO2 ned i hola igjen. Då stig det CO2 rett til himmels. Det er problemet og skilnaden. Difor blir det tøvete når Steinsvoll seier at utsleppa frå gassfyrte kraftverk er mindre enn frå biomassefyrte kraftverk eller vedomnar.

Kva gjer vi så med den straumen vi ikkje har? Først av alt bør vi kanskje sjå litt skikkeleg på kva som er problemet. Det er mange aktørar på banen, og dei har ulike interesser. Kraftprodusentar som vil bygge ut vindkraft og gasskraft kan t.d. ha interesse av å seie at det blir mørkt og kaldt om nokre år om det ikkje blir bygd ut. Kan vi stole på at dei seier heile sanninga? Andre kraftprodusentar kan ha interesse av å få eit høgare prisnivå på kraft, for først då kan dei få lønsemd. Sjølv om vi manglar kraft i fylket, kjem ikkje desse kraftprodusentane til å bygge noko som helst før dei veit at det løner seg.

Politikarane våre bør vel skjøne slike bakgrunnsteppe betre enn andre, men det er få av dei som har oversikt over situasjonen og moglege løysingar. Det ber ein del utspel preg av. Er det rart at folk flest blir forvirra?

Steinsvoll meiner vi blir avhengige av straum frå atomkraft og kolkraftverk. Kvifor er det slik? Forklaringa ligg i dagen: Så lenge vi aukar straumforbruket vårt, og så lenge vi ikkje satsar på å gjere oss mindre avhengig av straum, så kan vi om nokre år kome i ein slik situasjon at vi må importere straum. Då må vi ta det som er å få kjøpt.

Hovudproblemet er og blir at vi aukar straumforbruket vårt. Så lenge vi gjer det, vil løysingane bere preg av kompromiss som går ut over vår felles klode og alle dei som bur der. Den dagen vi sluttar å auke forbruket, finst det mange løysingar.

Til hovudproblemet er løyst får vi prøve å finne dei gode løysingane vi kan. For Naturvernforbundet diskuterar gjerne slike tiltak med LO. Vi trur det finst tiltak i Møre og Romsdal som både gir reinare energi og fleire arbeidsplassar enn gasskraftverk, og vi saknar LO i den diskusjonen.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundets gjør for å redusere energibruk og klimaendringar

Innlegget til Steinsvoll