Straumspararne

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Nyleg blei det meldt at 8 verksemder i Surnadal og Rindal vil spare 5 millionar kilowattimar. Det er godt nytt. Kor mykje er så det? Når det blir meldt om nye kraftverk som har fått løyve til utbygging, blir slike mengde rekna til bustader, og då tilsvarar dette straumen til 250 bustader.

Eller vi kan rekne på ein annan måte. Det er jo nokre kraftverk som har fått konsesjon i vårt distrikt dei seinare åra som produserer omlag denne straummengda:

Gryta i Rindal: 4 600 000

Kysinga i Rindal: 6 460 000

Gyl i Tingvoll: 5 770 000

Myrholten i Surnadal: 4 200 000

Rodal i Halsa: 5 000 000

Gaudøla i Sunndal: 5 000 000

Ei anna tilnærming til dette er å spørje når produksjonen skjer og når sparinga skjer. Når det gjeld produksjonen i dei fleste av desse småkraftverka vil den vere låg på kaldaste vinteren. Sparing skjer ofte mykje jamnare, og viss ein del av sparinga er knytt til oppvarming så vil sparinga ofte vere størst når det er kaldt. Såleis hjelp sparing når vi treng det mest, ny produksjon hjelper då nesten ikkje.

Kva er miljøverknaden av desse ulike tilnærmingane? Dei som har sett verksemda kring bygginga av eit småkraftverk, veit at det er verknader. Dessutan vil vassdraget for lange tider ikkje ha den vassføringa som var vanleg i vill tilstand. Ser vi noko til slike verknader ved straumsparing? Det er sikkert nokre verknader ved produksjon av duppedittar for å få det til, men det kan godt vere at ein slepp ein del lettare frå det.

Viss ein skal produsere meir straum for å kome seg ut av knipa, trengst det fleire kraftliner. Treng ein fleire kraftliner når ein sparar straum?

Men småkraftverk fører til at nokon på bygda kan tene pengar, det må no vere til fordel for småkraftutbygging? Det er mykje som tyder på at nokre på bygdene kan tene pengar også ved straumsparing. Pengar spart er pengar tent, heitte det i gamle dagar, og det gjeld vel framleis.

Naturvernforbundet vil gjerne ønskje Børset Bakeri, Rindalslist, Rindalshytter, T-Komponent, Pipelife, Trollheim Vekst, MøreTre og Talgø Møbelfabrikk og hjelparane deira lukke til.

Øystein Folden

leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal