Straumsparing – hjelp det?

Viss ein bruker meir straum enn verda har godt av, kva kan ein gjere? Gjere som Tingvoll bedehus?

Tingvoll bedehus fekk varmepumpe montert 15. november 2022. Søylane over viser ein heil del av verknaden, sjølv om ein ikkje har kontrollert mot variasjon i utetemperatur.

Den første vinteren var det litt prøving og feiling for å finne ut kva for dører som burde stå opne og kva temperaturinnstilling som var lagleg. Men ein ser alt første vinteren at forbruket gjekk ein god del ned.

Vinteren som no snart er omme kjem endå betre ut.

Straum som ikkje blir brukt er dermed tilgjengeleg for andre som vil gå over frå bruk av olje til straum. Heilt utan å bygge nye kraftverk.