Sulafjellet – best utan gondol

Gondolen får tommel ned – det er ikkje naturen som skal skaffe handlande til Flakk-gruppen sitt kjøpesenter.

Omtrent all natur frå skoggrensa og opp er raudlista. Inngrepa blir ganske omfattande. Bruken av Sulafjellet kan bli såpass stor at det går ut over naturkvalitetane på Sulafjellet. Vi har ikkje så mykje energi at vi kan bruke den energien vi har til denne typen prosjekt.

Sulafjellet fungerer heilt utmerka slik det er, med ganske enkel tilrettelegging. Det har kvalitetar som er tilgjengeleg for mange menneske som bur nær ved. Dette vil ikkje bli forbetra med ein gondol. Tvert om, mykje vil bli øydelagd.

Fråsegna frå Naturvernforbundet i Ålesund og omegn finn du under.

Foto: Øystein Folden. Molværsvatnet med aktuell gondoltrase i bakgrunnen.