Sunndal: For mykje hjortevilt

Det generelle inntrykket er at det er for mykje hjortevilt dei fleste stadene i fylket.

Sjølv om det hjorteviltfagleg kan vere tilfelle at bestanden er redusert nok, så skal forvaltinga ta omsyn til annan natur også. Rogn, osp, selje og alm blir beita såpass hardt at desse treslaga kan bli utrydda i ein del område. Det er ikkje greitt.

Når hjortevilt får 43 treff i høyringsdokumentet, naturmangfald ikkje får noko, så har dei som har førebudd denne saka i kommunen ikkje hatt merksemda si heilt på rett plass. Naturvernforbundet ber Sunndal kommune om å sjå på saka på nytt.

Biletet viser alm der hjortedyr har gnagd av borken på ei grov rot.

Foto: Øystein Folden