Svar frå Hareid kommune

Epost til Naturvernforbundet i Møre og Romsdal 9. november 2006.

Frå: Lars Hustad
Send: 9. november 2006 10:03
Til: Postmottak
Emne: SV: Naturvernforbundet med oppmoding til kommunane: Skift veglys og spar straum og pengar

Hei. Hareid kommune har på trappene utskifting av 584 armatur like over årsskiftet, noko som skal gje oss ei vesentleg årleg innsparing i både drifts- og vedlikehaldskostnader. Det vert av ein type der lysstyrken kan nattdempast, noko som gjer innsparingane ennå større når det vert innkopla seinare. Helsing Lars Hustad