Svar frå Landbrukskontoret i Skodje

Svar på epost 25. oktober 2006.

Gjelder Rogneskarvegen.

Viser til henvendelse 15.10.06 samt 25.10.06 Dessverre finnes ikkje alle opplysningane i denne saka digitalt, men eg skal legge dei i posten i dag.

Dette gjelder kopi av søknad med kart.

Nærare grunngjeving for vedtaket: Området som vegen løyser ut utgjør ca.140 dekar (i dekningsområde). Her står vel 300 m3 med furu og bjørkeskog, slik at vegen er rekningssvarande og bygge ut som landbruksveg. For år 2006 har vegen kosta vel 20.000 mindre enn kva som er beregna byggekostnad, men det er planer om ei forbetring til sommaren 2007, når massane har fått sett seg betre.

Da dette er høgtliggande skog vil det ikkje bli gitt løyve til snauhogst av området, men eg vil tilrå ei frøtrestilling med furu, der ein tar dei hensyna som er nedfelt i standardane for levande skog.

Når det gjelder friluftsinnteressene står det ein trimpost der den gamle skogsvegen slutter. Med å forlenga skogsvegen vil området bli betre tilgjengeleg for fleire, noe eg har fått mange positive tilbakemeldingar på, også fra andre vegannlegg.

Oversyn over nøkkelbiotopregistreringar:

Viser her til «Kartlegging av naturtypar i Skodje kommune» Rapport J.B.Jordal nr.3-2005 For Indreberg er det registrert eit kulturlandskap som går på naturbeite samt ei planteliste for lokaliteten.

I tillegg har Skogeierforeninga nord utarbeida skogbruksplaner med miljøregistreringar av år 2004.

Felles for desse registreringane er det er ikkje registrert noen miljøregistreringar/ nøkkelbiotopar i dekningsområdet for siste utbygginga av Rogneskarvegen.

For landbrukskontoret

Kolbjørn Snekvik

skogbrukssjef