Svar frå Volda kommune på klagen

Kommunen meiner i ein epost at Naturvernforbundet ikkje har klagerett.

From: svein.havag@orsta.kommune.no To: Øystein Folden Sent: Monday, February 11, 2008 11:05 AM Subject: Klage skogsveg

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal
v/ Øystein Folden

Har motteke klage på løyve til Haueråsa traktorveg. Viser elles til telefonar og e-postar.

Vi kan ikkje sjå at naturvernforbundet har klagerett i saka. I den oversende klaga er det heller ikkje dokumentert nokon klagerett. Kommunen kan såleis ikkje sjå på det innsende skrivet som ei formell klage i medhald av forvaltningslova, men tek skrivet til vitande i vegsaka vidare.

Med helsing

Svein Havåg
skogbrukssjef
Volda kommune