Svar på spørsmål om dokumentinnsyn

Epostkorrespondanse med Møre og Romsdal fylke.

—– Original Message —–

From: Kristian Bergheim

To: Øystein Folden

Cc: Kjell Lyse

Sent: Monday, December 08, 2008 1:53 PM

Subject: SV: Dokumentinnsyn

Viser til dykkar e-post av 18. november, og kopi av e-post til fylkesmannen 8. desember.

Vi har følgjande svar på dykkar spørsmål:

1.

Det vart ikkje laga noko skriftleg referat etter synfaringa som du viser til. Dei to deltakarane på synfaringa har gjeve konklusjonen munnleg. Denne er skriven inn i saksdokumentet til fylkeslandbruksstyret si sak nr. 041/08 og godkjent av begge to.

2.

Gjennom vår kontakt med Allskog er vi kjend med at Allskog har medverka til at det skal gjerast supplerande kartleggingar i høve til registreringane som ligg i naturbasen. Vi har ikkje skriftlege dokument om dette. Eventuelle skriftlege dokument frå Allskog må de spør Allskog om.

3.

Vi kjenner til at DN har initiert supplerande kartleggingar av olivinfuruskog. Tor E. Brandrud, NINA, har utført dette arbeidet. Vi har ikkje noko skriftleg dokument om dette. Areal- og miljøvernavdelinga har gjennom tildelingsbrevet for 2008 engasjert Dag Holtan til samanstilling av eksisterande data, supplert med ny kartlegging der det har vore behov for det. Dette i eit samarbeid mellom FMMR og FMSF om supplerande naturtypekartlegging av olivinskog i begge fylka.

Jørund Rollstad har vore kontakta vedrørande kartlegging av skoghistoria i området, men har ikkje fått nærare instruks for oppdraget (pers. medd.).

Gjennom nyheitene i NRK er vi kjend med at det er gjennomført biologiske undersøkingar ved Tjørnakkane i Volda som skal rapporterast på slutten av året.

Helsing frå

Kristian Bergheim

Fylkesskogmeister

e-post: kristian.bergheim@mrfylke.no

Tlf. 71258209


Fra: Øystein Folden [mailto:foldengp@start.no]
Sendt: 18. november 2008 11:18
Til: Kristian Bergheim
Emne: Dokumentinnsyn

I samband med sak 41/08 i fylkeslandbruksstyret står det i kapitlet «fylkesmannen sine merknader» og underkapittel «Natur- og miljøverdiar» noko om ei synfaring som har vore den 24.06.08. Det er referert til ein konklusjon i denne synfaringa. Sidan denne synfaringa blei sentral i saka ber vi om å få referatet eller kva dokument det kan dreie seg om frå denne synfaringa.

Vidare er det referert til eit initiativ frå Allskog. Dokument eller notat kring dette ber vi om å få.

Til slutt går det fram at DN har fått i oppdrag å gjere supplerande kartleggingar. Vi går ut frå at det også der ligg føre eit dokument som vi kan få.

Så sant det er mogleg er digital form best for oss. Send det helst til moreromsdal@naturvern.no

Finst ting berre på papir får de sende til

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

v/Øystein Folden

6630 TINGVOLL

Helsing

Øystein Folden