Svar til Coop

Epost til Knut Lutnæs i Coop.

Då skal du ha takk for oppklaringa. Eg har funne svaret som eg har oversett ein del av. Trur det skuldast at det var så mange som svara at eg mista oversikten. Har litt fobi for kontakt med verksemder av typen trykk ditt og datt med firkant eller noko for å kome vidare, og det gir litt trøbbel i slike situasjonar.   Vi skal jobbe litt vidare med tala. Det kan sjå ut til at løysinga kan ha ein fordel, men under føresetnad av at avfallsorteringa går greitt. Det er mykje restavfall frå hushaldningane som ikkje blir sortert, og slikt går til forbrenning. Dvs. at uklar oppfatning av avfallstype flytter dette avfallet frå papir for resirkulering til restavfall for forbrenning. Då er det sjølvsagt ein fordel av avfallsvolumet er mindre, men ein slik fordel kan snart bli borte viss effekten av resirkulering blir dårleg.   Det ser ut til at plastdelen av brødposen utgjer maksimalt 20%. Det tyder at det er tale om ca. 20000 kg papir i desse posene. De sparer 10% med plastvinduet. Viss resirkuleringsprosenten går ned t.d. 20%, så spørs det om ikkje det begynner å bli nokre reknestykke. Difor er det viktig at forbrukarane er klar over korleis dette skal sorterast. Det er på det planet det ligg eit forbetringspotensiale.   Når det gjeld piktogrammet har eg sett det, men aldri vore sikker på kva det skal forestille. Så du kan no notere at du har lært opp leiar av Naturvernforbundet i Tingvoll og Møre og Romsdal i tydinga av det. Eg har elles snakka med nokre om desse posene og sorteringa, og eg har ikkje treft på nokon som har vore sikker på sorteringa. Dei har vore glade for opplysninga om at desse blandingsposene kan sorterast som papir.   Om det er forbrukaren som er for dårleg utdanna eller produsenten som har gjort for dårleg jobb, eventuelt ein tredje part som skulle ha gjort noko, det kan sikkert diskuterast. Men det er sannsynlegvis produsenten som lettast kan gjere noko med det. Rett og slett ved at det saman med symbolet står at embalasjen kan sorterast som papiravfall. Då kan sjølv bestefar skjøne det. Sidan ei slik merking ikkje kjem samtidig med introduksjonen av embalasjetypen, er det også behov for eit blikkfang, slik at dei som lurer kan sjekke det opp no. Eit blikkfang av typen lite oppslag i brøddisken om at posene no har fått ny merking om avfallssortering kan jo vere ein ide. Gjerne saman med ulike resirkuleringssymbol og kva dei tyder. Då vil dette virke også generelt. Det kan jo noterast som ein pluss for miljørenomeet til COOP.      Spørsmålet vårt kan du kvittere som besvart.   Med helsing     Øystein Folden leiar, Naturvernforbundet i Tingvoll  

Purring til Coop 18. mai 2010