Svar til Natur og Ungdom

Jenny Klinge, vararepresentant for Eli Sollied Øverås (Sp) på Stortinget svarer på brevet fra Møre og Romsdal Natur og Ungdom.

Kårstø skal reinsast så raskt som mogleg!

Senterpartiet er opptatt av å redusere klimagassutsleppa, fordi klimaendringane er den største utfordringa verda står overfor. Det er avgjerande at velståande land som Noreg viser vilje til handling og får til praktiske resultat på heimebane.

Noreg har som oljenasjon eit stort ansvar for klimaproblemet. Samtidig har vi store moglegheiter til å bidra med tiltak og ny teknologiutvikling som vil bringe verda nærare ei løysing på problemet.

Nokre av dei miljøvenlege tiltaka for å oppnå kutt i klimagassutsleppa vil koste meir å gjennomføre i Noreg enn dei billigste klimakuttiltaka i utlandet. Det er likevel nødvendig å ta kostnadene knytt til t.d. teknologiutvikling no for at det i framtida skal vera lettare å kutte klimaforureinsinga. Derfor gjer Senterpartiet alt for at gasskraftverket på Kårstø skal reinsast så snart som mogleg, i tråd med Soria-Moria-erklæringa.

Jenny Klinge
Stortingsrepresentant for Senterpartiet