Svar til Per Gunnar Kvenseth i Villagruppa.

Debatten går vidare

Takk for ditt konstruktive svar på kritikken eg reiste mot deg som ansatt i Villagruppa nyleg.

I dette svarinnlegget skal eg komme med nokre kommentarer til det du nemner i ditt innlegg. Tittelen talsmann har eg brukt fordi vi oppfatta deg slik. Treng ikkje å bruke den framover.

For ordens skuld kan eg opplyse Villakonsernet generelt om at alle kritiske innlegg frå mi side i regi av Naturvernforbundet, må ha fleirtallsgodkjenning i styret. Det er og vanleg å be fylkeslaget om å fungere som ein ”kritisk venn”. Spelar difor ikkje solo, men på eit miljølag. Ser at du slettes ikkje tek kritikken personleg, men svarar på ein god måte. Det har vi respekt for. Det er mange nok i ulike leirar som ikkje tåler noko form for kritikk har vi erfart. At du har eit engasjement for natur og miljø har eg forstått. Det er klart at næringa har utvikla meir kunnskap no enn kva tilfellet var for 15- 20 år sidan. Like fullt ligg det vel i saka sin natur at dei økonomiske lovene i næringa bestemmer meir enn dei økologiske lovene? Sjølv i eit økosertifisert selskap? Natur – miljøbevegelsen si oppgåve er heile vegen å reise spørsmål til debatt, å drive fram ein prosess, eller å minimum drive opplysningsretta arbeid til dei som måtte ha interesse for slike tema. Årsmeldinga du refererer til i svaret ditt skreiv eg ikkje. Godkjente ho gjorde eg derimot.

Eg vil ynskje deg velkommen som medlem i Naturvernforbundet i Vestnes. Innkalling til årsmøte vert sendt deg og andre medlemmar på seinvinteren. Har du takhøgde for å melde deg inn i ein lokal miljøorganisasjon som er kritisk til arbeidsgjevaren din, så skal du møte den samme takhøgda hjå oss. Naturvernforbundet er og skal alltid vere ein demokratisk miljøorganisasjon med plass for medlemmar som ser verdien i det overordna arbeidet vi gjer. Det er både sunt demokratisk og utviklande for oss, att ein kan vere ueinig i enkeltsaker, og om kursretninga i nokre spørsmål. Vil gjerne få sagt at eg sidan 1996 har skreve innlegg i media mot det eg oppfattar som ein stor trussel mot viltlevande laksefisk i kommunens vassdrag. I ei årrekke var dette ein tematikk som nesten ingen høyrde på her lokalt. Snakkar no spesifikt om sannsynleg genetisk utvatning av lokale laksefiskbestander og høge luskonsentrasjoner sett gjennom tid. Som du ser legg eg ofte hovudvekta på laks – sjøaure og vassdrag. Det har eg vore særs interessert i sidan eg var på Daugstad som sjuåring i 1976. Der såg eg på den utsettingsklare lakseyngelen til Tressa Elveeigarlag og Vestnes Jeger og Fiskerforening. Det var spennande å sjå kor den pila rundt i klekkekara nede ved Storhølen i Sesselva. Arne Brovold fortalte meg artige ting den gongen som eg framleis huskar noko av. Seinare den dagen vart eg med fram i Skorgedalen og sette ut yngelen i Skorgeelva. Utviklinga sidan den gongen for laks og sjøaure er sørgeleg. Eit spleiselag der alle avstår frå noko for å få opp att fiskebestandane i vassdraga snakkar vi begge om. Skal definitivt lese innlegga dine med tilhøyrande løysningsforslag med interesse.

Utan å overdrive kan eg opplyse både deg og andre lesarar om at det å kjempe for å ta vare på vassdragsnaturen, laks – sjøaure, naturareal, biologisk mangfald, og økosystema generelt i Vestnes kommune er særs vanskeleg. Som du sikkert ser av mi gjentatte skriving er det ikkje kun Villa og andre oppdrettsselskap som vert syndebukkar hjå Naturvernlaget. Har gjentatte gonger kritisert politikarar og forvaltning for ansvarsfråskrivelse. Er difor relativt rettferdig slik sett. Har faktisk komme med ei rekke forslag til tiltak angåande oppdrett gjennom åra, men dei er nok spredd over ca 25 avisinnlegg, intervju, og radioinnslag gjennom tida. Det vert sjølvsagt umogleg for deg å følgje med på.

Nokre lokale forslag:

(Dei overordna grepa vert bestemt andre stader)

– Miljøfondet som Naturvernforbundet viser til må opprettast av næringa. Villakonsernet er økonomisk i stand til å opprette eit slikt fond. Sikkert Raumagruppa og Lerøy Hydrotech med. Kommunen har ikkje pengar til noko slikt. Hadde neppe prioritert miljøet fleirtallspolitisk om dei hadde pengane heller. Naturvernforbundet har råd til å bruke eiga kompetanse i organisasjonen, men lokallaget er utan midler til å finansiere faglege undersøkingar.

– Ei samansett referansegruppe som skal sjå på miljøproblematikk knytta til fjordar og vassdrag bør og opprettast Ei slik gruppe bør ha deltakarar frå oppdrettsnæringa, grunneigarar elveigarar, miljøbevegelse, offentleg forvaltning, og fagetater innan forureiningsspørsmål.

– Kommunen må som Rauma kommune gjorde utarbeide ein vassdragsplan som tek opp vekting mellom småkraft, verneverdiar, og ytre rammefaktorar generelt som måtte påverke.

– Lukka teknologi via tankar er no utvikla. Det kan testas ut frå næringa si side. Kostar meir å ikkje teste enn å gjere det? Vart vist fram på TV2 i november 2009. Andre typer lukka anlegg har det vorte forska på relativt lenge. Næringa er skeptisk til å teste ut får ein inntrykk av.

– Naturvernforbundet og Tresfjord Bygdelag ventar på at ein marinbiolog skal komme og sjå på ein sannsynleg samansett og kompleks forureiningsproblematikk knytta til Tresfjorden, og moglegvis deler av søre – Romsdalsfjorden. Her spelar nok ei rekke faktorar inn. Oppdrett i regi av fleire selskap er ein del av alle desse faktorane. Vi arbeider med industriell forureining langs kommunens vassdrag.

– Næringslivet i kommunen bør opprette eit eiget miljøforum som hentar inn tverrfagleg kompetanse for å arbeide med å heve kunnskapen om eigen påverknad på det ytre livsmiljø. Det gjeld det marine så vel som det landbaserte næringslivet. Haldningsskapande arbeid er noko vi alle kan gjere litt av kvar dag, men det vert vanskeleg å forklare folk vitsen med å bruke sparepære, når næringslivet over tid dumpar bilvrak og etsande syre ved elva. Kunne ha nemnt fleire slike eksempel.

Vil ynskje deg eit finast mogleg friluftsår i 2010.

Naturvernforbundet i Vestnes

Leiar, Bernt Gjelsten