Svar til Reinset: Naturvernforbundet tenkjer

Ordførar Reinset er klar i si tale. Så veit vi i alle fall kva han meiner. Naturvernforbundet har hatt gleda av å høyre grunngjevinga han har for sitt syn. Vi er svært langt på veg samde, men når konklusjonen skal trekkast, kjem vi heilt ulikt ut. Det er interessant.

Av etterdønningane etter kommunestyremøtevedtaket i Sunndal nyleg kan det sjå ut til at Naturvernforbundet ønskjer å løyse energiproblemet med gass. Dette må skuldast ei mistyding ein eller annan plass. Vi har rett nok ytra oss positivt til gasskraftverk med reinsing, men det er ikkje fordi vi ønskjer gasskraftverk. Skal det byggast gasskraftverk er det vårt ønskje at det i det minste må vere med reinsing.

Oppfordringa frå Reinset om at Naturvernforbundet bør tenkje over konsekvensane av sine eigne standpunkt har vi alt gjort noko med. Til no er det berre Naturvernforbundet som har gått gjennom kraftsituasjonen i Midt-Noreg og vist til løysingar som hjelper mot det kraftunderskotet samfunnet vårt har vedtatt oss til, nokre med opne, andre med attlatne auga. Andre har løysingar, men først fleire år fram i tid. Det ligg også ofte store negative miljøkonsekvensar i desse løysingane. Naturvernforbundet sin rapport viser at det er mogleg å løyse problemet utan dei heilt store negative konsekvensane for miljøet. Vår løysing er utan gasskraftverk og utan dei fleste av vindmølleprosjekta. Kraftlina det er tale om frå Sogn er heller ikkje nødvendig. Til no har vi ikkje registrert ei einaste utsegn om at dei løysingane som vi her har peika på ikkje kan gjennomførast. Fleire må gjerne gå gjennom rapporten som ligg på www.naturvern.no/moreromsdal

Det ligg inne noko vasskraft, omlag tilsvarande det vi har uttalt oss til dei siste par åra. Som kjent har Naturvernforbundet sagt nei til omlag halvparten av søknadene på indre Nordmøre. Den andre halvparten har vi ikkje hatt avgjerande merknader til. Dette er langt meir nyansert enn det Reinset held på med.

Naturvernforbundet har brukt mykje tid på å finne dei gode kraftløysingane, sjølv om vi i mindre grad enn dei fleste har ivra for nye prosjekt som skal bruke mykje straum. Når Sunndalsordføraren framstiller det som å ta ansvar at Sunndal som bruker så mykje kraft skal bygge ut meir vasskraft i eigen kommune og no altså i andre kommunar, så er det eit underleg ansvar. Naturvernforbundet trur menneske i Sunndal og andre kommunar vil ha svært godt av nokre pusterom i form av natur – vill og vakker – og så nær oss at vi ikkje treng å sleppe ut farlege klimagassar for å kome oss dit.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Telefon 91 81 25 42 Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundets gjør for å redusere energibruk og klimaendringar

Reinset på ville vegar i svar til Naturvernforbundet