Svartelisteartar og framande artar langs Aursjøvegen i Møre og Romsdal

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har gjennom nokre år arbeidd med registreringar av framandartar, og sist i 2016 korleis utanlandske treslag spreier seg i fylket.

Gjennom vår deltaking i Rådgjevande utval for Dovrefjell og Sunndalsfjella har vi auka vår kunnskap om dette området, og sett nokre behov for meir kunnskap om det biologiske mangfaldet som truleg få andre har interessert seg for, eller i alle fall ikkje har hatt ressursar og kunnskap til å gjere noko med.

Når nokon vil legge torv på hyttetaket, eller det er behov for å gruse vegen, kva omsyn må ein då ta til det biologiske mangfaldet?

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal søkte Miljødirektoratet om «Øyremerka midlar til tiltak mot framande organismar», og blei innvilga tilskot til prosjektet «Svartelisteartar/framande artar spreidd langs Aursjøvegen».

Då vi førebudde søknaden oppdaga vi at ei viktig kjelde som Artskart knapt hadde floraregistreringar langs Aursjøvegen. Det er ein del kunnskap om fugl, men der stoppar det. Olav Gjærevoll må ha vore i Torbudalen, og har skrive ein artikkel om floraen i området i boka «Torbudalen». Han nemner spesielt vestsida av Torbuvatnet, Krøshø, Raudberget og Grønvoldsteinen.

Det er avgrensa med lett tilgjengelege kjelder viss ein ønskjer å finne ut korleis det var då Aursjøvegen blei bygd for kring 70 år sidan. Dermed er det på tide at vi skaffar oss kunnskap om korleis det er no, i det minste.

Både undersøkingane i marka og rapportskrivinga er utført av Øystein Folden. Alle foto: Øystein Folden. Alle kart er frå www.artsobservasjoner.no