Svorka og Vassdalen
Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.
Det kom godt nytt frå Norges Vassdrags- og Energidirektorat (NVE) nyleg. Dei sa nei til Svorka sin søknad om å bygge ut Vassdalsvatnet og Hardbakkvatnet. Dette er sjeldan kost. Det er vel berre 5 – 6 småkraftverksøknader som er avslått sidan 2000 og det er første gongen i Møre og Romsdal.
Grunngjevinga for avslaget ligg i summen av mange ulemper som til saman blir heilt vesentlege samanlikna med fordelane ved tiltaket.
Når Svorka Energi AS seier til Tidens Krav 15. september: ”Vi mener dette prosjektet var såpass miljøvennlig…” så seier dette svært mykje om Svorka Energi AS. Svorka har lang historie i å legge vatn i røyr, og oppfattar nok dei nye planane som mykje meir miljøvennlege enn dei gamle. Men når sjølv utbyggingsivrige NVE meiner at prosjektet langt frå er miljøvennleg, då bør Svorka ta ein grundig revisjon av si oppfatning om kva som er miljøvennleg.
Dei negative verknadene på laks og sjøaure i Bævravassdraget er meir enn store nok frå før, om ikkje eit nytt prosjekt skal ta knekken på siste rest. Det er også regulert så mange vatn og vassdrag i dette området, at det som er att av vatn og vassdrag som får ligge nesten urørt er av særleg stor verdi. Når Svorka Energi AS har forsynt seg av resten av vatna i området, fortener friluftsinteressene å få ha dette området i fred.
Her bør Svorka vise at dei skjønar kva miljøvennleg tyder i ei ny tid. Klagen bør gløymast. Skulle Svorka Energi AS sende klage, kan lesarane vere visse på at Naturvernforbundet kjem til å arbeide for at det blir eit nytt avslag av ein slik klage i Olje- og energidepartementet.
Øystein Folden
Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet
Eg vil gjerne støtte Naturvernforbundets arbeid for bevaring av vassdraga våre